Mann frifunnen for karantenebrot på lensmannskontor

Ein mann drog på eit lensmannskontor på Sørlandet sjølv om han var i karantene. Men sidan han ikkje fekk nokon nærkontaktar der, vart han frifunnen i retten.
innenriks

Mannen oppsøkte Evje og Hornnes lensmannskontor tre dagar etter at han returnerte frå Sverige. På kontoret snakka han med ein politibetjent utan å informere om utanlandsturen og karantenen.

Etter hendinga vart han pålagt eit førelegg på 20.000 kroner, som han nekta å godta. Då saka nyleg kom opp i Kristiansand tingrett, vart mannen frifunnen.

Retten konkluderte med at det var rimeleg tvil om samtalen varte så lenge at politibetjenten hadde vorte nærkontakten til mannen.

Sjølv om ein er i innreisekarantene, kan ein opphalde seg utanfor heimen eller tilhaldsstaden viss nærkontakt med andre enn husstanden blir unngått. Når det ikkje er direkte fysisk kontakt, blir ein nærkontakt når det blir halde mindre enn to meter i 15 minutt.

– Etter dette kan ikkje retten med tryggleik slå fast at tiltalte var i kontakt med politibetjent A «i meir enn» 15 minutt. Det er med andre ord rimeleg tvil om tiltalte har vore i «nærkontakt» med politibetjent A og dermed har brote karantenen sin etter covid-19-forskrifta, skriv dommarfullmektig Tonje Elisabeth Terjesen.

Hendinga skjedde 22. mai då innkomst frå Sverige medførte innreisekarantene, noko som framleis er tilfellet for alle svenske regionar. Formålet med turen var å kjøpe snus.

(©NPK)