Kraftig auke i vikarbruk innan helse, barnehagar og skular

Vikarbyrå innan helse, skular og barnehagar auka talet på utleigde timar med 18,5 prosent førre kvartal samanlikna med same kvartal i 2019.
innenriks

Førre kvartal kunne byråa òg vise til 20 prosent auke i omsetninga, skriv Dagens Perspektiv. Det kjem fram av NHO Service og Handels bemanningsrapport.

I helsesektoren kjem auken av høgare fråvær ved sjukmeldingar og karantene, men også for å bemanne teststasjonar. Samtidig har det vorte vanskelegare å få tak i vikarar frå Sverige, som har utgjort det store vikarfleirtalet innan helse og omsorg.

– Vi ser no klare teikn på at det er vanskeleg å skaffe tilstrekkeleg helsepersonell, og ferieavvikling i helsevesenet blir utfordra, skriv NHO.

Den totale aktiviteten i bemanningsbransjen var nesten 15 prosent lågare i 4. kvartal enn same kvartal i 2019. Omsetninga fall 12 prosent. Utleige til hotell, restaurant og kantiner hadde ein nedgang på nesten 41 prosent.

Sest fjoråret under eitt, fall aktiviteten med cirka 20 prosent og omsetninga med cirka 16 prosent.

(©NPK)