Høge smittetal i Bærum

Det er registrert 24 nye smittetilfelle i Bærum det siste døgnet. Det er 14 fleire enn snittet den siste veka.
innenriks

24 nye smitta er høgare enn kva kommunen har hatt dei siste vekene. Snittet den siste veka er 10 nye smitta, som også er snittet for dei siste 14 dagane.

Måndag skreiv kommunen på nettsidene sine at det muterte britiske viruset er påvist fleire stader i Bærum, og mykje tyder på at det kan bli dominerande framover.

Konsekvensen er at epidemien kan bli vanskelegare å kontrollere.

– Når vi oppdagar eit utbrot, må vi raskast mogleg få utbrotet under kontroll. I tråd med klare føringar frå Folkehelseinstituttet oppmodar vi derfor sterkt husstandsmedlemmer til å gjennomføre karantene til dei aktuelle nærkontaktane har fått eit negativt prøvesvar, seier kommuneoverlege Frantz Leonard Nilsen.

Totalt har 1.994 personar i Bærum kommune fått påvist covid-19 under pandemien.

(©NPK)