Ein av dei viktigaste kundane til selskapet som spesialiserer seg på skipsmotorar, har vore det norske Sjøforsvaret, skriv E24.
Det russisk-kontrollerte selskapet TMH International har betalt 1,6 milliardar kroner for å ta over motorfabrikken på Hordvikneset.
Christian Tybring-Gjedde (Frp), Jette Christensen (Ap) og Emilie Enger Mehl (Sp) sit alle i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget og vil ha svar frå Bakke-Jensen.
Sistnemnde viser til at Politiets tryggingsteneste (PST), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og E-tenesta for to veker sidan la fram trusselvurderingane sine for 2021, der nettopp utanlandske oppkjøp av strategisk infrastruktur vart peika på som ein trussel.
– Strategiske investeringar og oppkjøp kan utgjere ein stor nasjonal tryggingsrisiko, uavhengig av om dei er omfatta av sikkerheitslova, skriv Mehl i eit skriftleg spørsmål til Bakke-Jensen.
Forsvarsdepartementet har så langt berre sagt at dei er kjende med eigarskiftet og følgjer opp vurderingar som blir gjorde i forsvarssektoren.
(©NPK)