FHI leverer innspel om geografisk skeivfordeling av vaksinar tysdag

Fleire kommunar har bede om at kommunar med høgt smittetrykk bør få fleire vaksinedosar enn dei med lite eller ingen smitte. No kjem FHI med sitt innspel.
innenriks

– Vi leverer eit innspel til departementet om geografisk skeivfordeling i dag. Det blir offentleg når departementet har teke ei avgjerd, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) til Dagbladet tysdag.

Fleire kommunar, mellom anna Oslo, har fleire gonger bede om at kommunar med høgt smittetrykk bør få fleire vaksinedosar enn dei med lite eller ingen smitte.

Aavitsland seier at FHI har sett nærare på korleis ei slik fordeling vil påverke koronasituasjonen i Noreg.

– Vi vurderer og prøver å berekne korleis geografisk skeivfordeling vil påverke epidemien og talet som må leggjast inn på sjukehus eller døyr, seier han.

(©NPK)