Erna Solberg etterlyser pengar til ferjeløfte

Statsministeren lovar å kvittere ut ferjesemja til opposisjonen, men saknar svar på korleis den skal finansierast.
innenriks

Statsminister Erna Solberg (H) er ikkje overraska over semja mellom opposisjonspartia på Stortinget om halvering av ferjeprisane.

Men ho vil gjerne vite der partia har tenkt å hente pengane frå.

– Viss ein har vorte samde om å plusse på, så må ein òg ha ei form for semje om kvar ein skal kutte, seier Solberg til NTB.

Brei semje

Det er Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet, SV og Raudt som har funne saman i saka.

Semja mellom dei fem opposisjonspartia, som til saman har solid fleirtal i Stortinget, går ut på at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett må komme tilbake til Stortinget med ein forpliktande plan for halvering av ferjeprisane.

Halveringa skal gjelde på både riksvegsambandet og fylkesvegsambandet, og det må òg leverast eit kutt i ferjetakstane i inneverande år. I tillegg ber opposisjonen om lågare takstar for pendlarar.

– Det dei har gjort, er eigentleg å spele ballen til oss. Så skal vi, som mindretalsregjering, sjølvsagt kvittere ut på det, seier statsministeren til NTB.

Åtvarar mot bindingar

Solberg understrekar at ho ikkje sjølv er mot kutt i ferjeprisane, snarare tvert imot. Ho trur òg det vil vere mogleg å finne rom for dette i budsjetta, kanskje spesielt viss ferjeprisane sest i samanheng med den borgarlege semja om bompengar.

Men utgifter må vegast mot kvarandre, åtvarar ho.

– Alle må tenkje over at det å binde utgifter, som ikkje er koronarelaterte, for neste stortingsperiode, fjernar handlingsrom på alle andre område. Det betyr at det blir mindre rom for andre utgifter, seier Solberg.

– Den store utfordringa framover blir å få rom til alle dei ønska alle har.

Vil ikkje spesifisere

Kostnaden for halvering av ferjeprisane er anslått til rundt 1,5 milliardar kroner. Sverre Myrli, transportpolitisk talsperson i Ap, seier han er sikker på at det skal la seg gjere å finne pengane.

– Berre Nasjonal transportplan har ei ramme på 1.000 milliardar kroner. Då å finne halvannan milliard i året er fullt mogleg viss det er politisk vilje til det, seier Myrli til NTB.

Men Myrli vil ikkje spesifisere nærare der han har tenkt å hente summen frå.

Bård Hoksrud, transportpolitisk talsperson i Frp, trekker fram byråkrati, klimatiltak og asylpolitikken som område der det kan kuttast for å skaffe pengar til billegare ferjebillettar.

– Viss det er politisk vilje, så er det ikkje noko problem i det heile, seier han.

Fylka ønskjer forhandlingar

Samferdselsdepartementet opplyser til NTB at det er for tidleg å seie noko om når reduserte ferjeprisar kan bli ein realitet, eller kva tiltaket vil koste.

– Men vi vil no starte ein prosess for å følgje opp Stortingets vedtak, seier statssekretær Ingelin Noresjø (KrF).

Fylkesrådsleiar Tomas Norvoll (Ap) i Nordland meiner for delen sin at det hastar.

Allereie måndag kveld, like etter at ferjeforliket mellom «firarbanden» Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet og SV vart kunngjort, tok Norvoll kontakt med kollegaene sine i alle fylka for å bane veg for forhandlingar med staten.

– Alle vil jo dette og er glade for at Stortinget går inn for å få ned prisane. No må vi få gjort dette på ein måte som blir bra, seier Norvoll til NTB.

(©NPK)