Dødsulykke i Askim

Ei kvinne i midten av 80-åra omkom etter ei frontulykke mellom ein bil og eit vogntog i Askim i Indre Østfold tysdag.
innenriks

Kvinna omkom på veg til sjukehus. Det var òg store materielle skadar.

Dei pårørande er varsla om dødsfallet, opplyser politiet.

Ulykka skjedde i Vammeveien sør for Askim sentrum, skriv Aust politidistrikt.

Politiet melde om ulykka klokka 12.20. Det skal ha vore ein kollisjon.

(©NPK)