Bodø kommune åtvarar mot falske smittesporarar og vaksinesvindel

Bodø kommune åtvarar mot falske smittesporarar, som dei siste dagane har ringt serveringsbedrifter og bede tilsette gå i karantene.
innenriks

Kommuneoverlege Tor Claudi i Bodø sa på ein pressekonferanse tysdag at fleire serveringsstader i Bodø har fått telefonar frå falske smittesporarar, som har ringt frå skjult nummer.

– Det er to serveringsbedrifter som har fått telefonar frå skjult nummer om at dei skal vere i karantene. Vi ringjer ikkje frå skjult nummer, sa Claudi.

– Vi er litt redde for at nokon av ein eller annan grunn gir falske beskjedar om karantene.

Åtvarar mot falske vaksinar

Ifølgje Avisa Nordland har Statsforvaltaren åtvara om at det kan vere falske vaksinar i omløp i Europa.

Bodø-ordførar Ida Pinnerød (Ap) seier det er sett svindel med vaksinar i Europa og åtvarar mot at det kan byggje seg opp til å bli ein marknad òg i Bodø.

Ho presiserer at det i Bodø berre er kommunen som tilbyr vaksinasjon – og at den går føre seg på Bodø Storsenter.

– Dersom nokon skulle få andre tilbod, må dei fint takke nei og gjerne kontakte oss i kommunen. Vi har ikkje opplevd til no at nokon har fått det, men det er ei generell tilråding til folk at ein er klar over at det finst nokon som ønskjer å tulle med dette, seier ordføraren.

Sju nye smitta

Det siste døgnet er det registrert sju nye smitta i Bodø.

– Vi har to ulike smitteutbrot. Den einaste forklaringa vi har, er at det må komme av felles trappeoppgang i relativt beskjedne hus. Vi er ikkje heilt sikre på det, men vi trur det kan vere det, seier kommuneoverlegen.

Tre av dei sju smittetilfella er ved Bodø vidaregåande skule, som vart varsla måndag kveld. Her er 34 personar i karantene og 320 i avventande karantene.

(©NPK)