92 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus – éin færre enn dagen før

Tysdag var 92 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ein nedgang på éin pasient frå dagen før.
innenriks

20 av pasientane får respiratorbehandling. Det er like mange som dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt tysdag.

72 av koronapasientane er innlagde på sjukehus i helseregionen søraust, 13 er innlagde i Helse vest, fire er innlagde i Helse nord, og tre er innlagde i Helse Midt-Noreg.

Sidan februar i fjor har 68.758 personar fått påvist koronasmitte her i landet, viser det førebelse talet på tysdag frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

(©NPK)