23 nye koronasmitta i Kristiansand

Kristiansand har registrert 23 nye smittetilfelle det siste døgnet. Det er 15 fleire enn døgnet før.
innenriks

105 nye nærkontaktar har førebels måtta gå i karantene, og talet kan stige, skriv kommunen på nettsidene sine.

Smittevegen er kjend for 17 av dei nye smitta og ukjent for dei seks andre. Alle er nærkontaktar som allereie var i karantene.

Totalt er 315 personar smitta i Kristiansand til no i februar.

(©NPK)