Åslaug Haga blir leiar for interesseorganisasjon for vindkraft

Den tidlegare Sp-politikaren Åslaug Haga tek over som sjef for vindkraftorganisasjonen Norwea.
innenriks

– Eg gler meg til å bidra til å halde fram med å utvikle norsk vindkraft, til gode for klima, miljø, og norske arbeidsplassar. Vindkraft vil spele ei heilt avgjerande rolle i omstillinga av den norske økonomien, og eg ser fram til å tiltre i rolla som administrerande direktør i Norwea, seier Haga i ei pressemelding som blir sitert av enerWe.

Styreleiar Peter Aall Simonsen trekker fram Hagas politiske erfaring og erfaring med saksfeltet. Åslaug Haga var leiar for Senterpartiet frå 2003 til 2008, og olje- og energiminister i 2007–2008. Den gongen ivra ho for å byggje meir vindkraft.

(©NPK)