Konkurransetilsynet avsluttar etterforsking av aktørar i sjøtransportmarknaden

Konkurransetilsynet har ikkje lenger mistanke om ulovleg prissamarbeid og avsluttar etterforsking av aktørar innan sjøtransport.
innenriks

Det var i oktober 2020 at tilsynet gjennomførte rassia hos aktørar i marknaden for sjøtransport. Tilsynet sa i november at dei hadde rimeleg grunn til å anta at det hadde gått føre seg utveksling av konkurransesensitiv informasjon mellom aktørane, utan at dei ville opplyse om kor mange aktørar det dreidde seg om.

Måndag opplyser Konkurransetilsynet at det beslaglagde datamaterialet er gjennomgått og vurdert, utan at det er funne grunnlag til å gå vidare med saka.

(©NPK)