Dei 65 prøvene der den britiske virusmutasjonen er funnen, vart alle tekne i perioden frå 15. desember til det førre veke vart konstatert utbrot i Nordre Follo, opplyste kommuneoverlege Kerstin Johnsen Myhrvold under ein pressekonferanse tysdag.
– Dette er prøver som berre er tilbake i tid. Vi har ikkje fått svar på prøver som er tekne sidan fredag. Det blir avgjerande om det i prøvene våre framover er ein stor del av det muterte viruset, sa ho.
Måndag vart det påvist 40 nye tilfelle. I alt er det oppdaga 65 tilfelle av det muterte viruset. Kommunen ventar framleis på svar på rundt 150 prøver.
(©NPK)