Mutert koronavirus påvist på Smestadhjemmet i Oslo – sju tilfelle funne

Det er funne sju tilfelle av mutert koronavirus på Smestadhjemmet i Oslo, opplyser Oslo kommune. Kommunen trur ein har klart å stoppe vidare spreiing.
innenriks

Smestadhjemmet bad 22. januar Folkehelseinstituttet (FHI) om å analysere ti positive koronaprøver frå heimen. No er det klart at sju av dei ti prøvene har den engelske covid-19 mutasjonen.

I ei pressemelding opplyser Oslo kommune at det kan sjå ut som ein har klart å stoppe vidare spreiing.

I pressemeldinga blir det opplyst at dei fredag bad om at prøver frå Smestadhjemmet skulle analyserast for den engelske mutasjonen.

– Den dagen vart vi vart kjende med at ein covid-19-sjuk medarbeidar har ein direkte link inn mot utbrotet som går føre seg i Nordre Follo, seier etatsdirektør Helge Jagmann i Sykehjemsetaten.

Vidare spreiing

– I etterkant har fem bebuarar og to andre medarbeidarar testa positivt for covid-19 på same avdeling. Vi har fått stadfesta mutert virus på sju av dei smitta, men antek no at alle åtte vart smitta med det muterte viruset. Det tyder ikkje på at det er spreiing til andre bebuarar eller medarbeidarar utover den eine avdelinga, seier Jagmann.

«Det blei innført omfattande smitteverntiltak umiddelbart, og det er gjennomført meir enn 1.500 testar på Smestadhjemmet sidan 6. januar. Det ser ut til at ein har klart å stoppe vidare spreiing av viruset», står det i pressemeldinga.

– Som venta

– Dette er eigentleg som venta, sa folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg på spørsmål om dei nye tilfella på ein pressekonferanse tysdag.

Ho seier dei fleste av prøvene går litt tilbake i tid, og at dei dermed veit ein del om korleis det har utvikla seg vidare.

– Og det blir avgjerande for vurderinga dei næraste dagane av kva slags tiltaksnivå vi treng – og ei vurdering av kor utbreidd desse virusvariantane er no.

Blir ikkje sett i samanheng

Ifølgje Oslo kommune har det òg vore smitte hos tre medarbeidarar på andre avdelingar. Her blir ikkje sett smitten i samanheng med den engelske mutasjonen.

Jagmann seier at dei i byrjinga av januar såg døme på at smitten spreidde seg raskare inne på sjukeheimane enn tidlegare i pandemien.

– Vi har derfor sidan årsskiftet teke høgd for at vi kan ha fått covid-19-mutasjonen inn på sjukeheimane våre. Vi har sendt prøver til FHI allereie frå 4. januar for fire sjukeheimar og har sett i verk ei rekkje tiltak for å stoppe smitteutbrot.

– Svara vi har fått, tyder no på at det ikkje er utbrot som følgje av det muterte viruset verken på Uranienborghjemmet eller Solvang helsehus. Dei sjukeheimane det er sendt inn prøver frå tidlegare i januar og som vi ikkje har fått svar på, nærmar seg friskmelding frå utbrotet som starta i byrjinga av januar, seier Jagmann.