Fire nye tilfelle av mutert virusvariant påvist i Nordre Follo

Det er oppdaga fire nye tilfelle av mutert virusvariant frå Storbritannia i Nordre Follo kommune.
innenriks

– Vi har fått stadfesta fire nye tilfelle av det muterte viruset frå prøver FHI har sekvensert tilbake frå 15. desember, skriv kommunen i ei pressemelding tysdag.

Dei fire tilfella kan knytast tilbake til utbrotet ved Langhus bu- og servicesenter og Tussestien barnehage.

Kommuneoverlege Kerstin Johnsen Myhrvold seier det er positivt at tilfella kan knytast til eit allereie kjent utbrot.

Nordre Follo kommune ventar framleis rundt 100 prøvesvar frå FHI og ventar derfor at det kjem fleire tilfelle.