Formannskapen i Nordre Follo kommune bestemde måndag kveld at stenginga av barnehagar, skular og andre utdanningsinstitusjonar skal forlengjast frå torsdag til og med fredag.
Det skal likevel haldast oppe eit tilbod for barn og unge med særlege omsorgsbehov, og barn opp til tolv år med foreldre som fyller kritiske funksjonar.
Samtidig blir den kommunale smittevernforskrifta vidareført til søndag.
I ho har Nordre Follo innført ei rekkje tiltak som er strengare enn dei som gjeld i nabokommunane, mellom dei stenging av Vinmonopolet, dyrebutikkar og optikarar. Desse må dermed framleis halde stengt.
Kommunen er episenter for eit stort utbrot av den frykta engelske varianten av koronaviruset, så langt med 65 stadfesta tilfelle.
(©NPK)