– Dei nye 40 tilfella endrar førebels ikkje vurderinga vår av alvoret i situasjonen. Men vi er no spesielt årvakne for tilfelle som ikkje er knytte til eit kjent utbrot eller smittevegar, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.
Med dei 40 tilfella som måndag ettermiddag vart stadfesta å vere av den britiske koronavarianten, er det konstatert 65 tilfelle i Nordre Follo. Dei fleste tilfella er knytte til kjende smittevegar.
– Det er enkelte tilfelle som per no ikkje har kjent tilknyting til utbrotet, og vi jobbar spesielt med å hjelpe til i smittesporinga av desse, seier Vold.
(©NPK)