Høie: Ikkje dra til nabokommunen

Folk må ikkje dra til nabokommunen for å nytte seg av tilbod som er stengt i deira eigen heimkommune, ber helseminister Bent Høie (H).
innenriks

Regjeringa har vedteke å innføre ei storstilt nedstenging i ti kommunar i Oslo-området. Matbutikkar, apotek og bensinstasjonar er opne, men andre butikkar vil vere stengde.

– Eg vil innstendig be alle som bur i området om å ikkje reise til andre område for å nytte seg av tilbod som er stengt i eigen kommune. Alt dette gjer vi for å hindre smitte, sa Høie.

– Du kan vere smitta utan å vite det. Reiser du ut, kan du bidra til det vil ønske å unngå, nemleg at denne muterte varianten spreier seg til andre kommunar, sa han.

(©NPK)