Laurdag la han fram lang liste tiltak for ti kommunar i Oslo-området.
– Vi håpar alle vil vere med på det enorme krafttaket for å slå ned denne varianten, sa Høie på ein digital pressekonferanse.
Gjennom dagen vil helsestyresmaktene vurdere situasjonen for kommunar som ligg i nærleiken av det området som no er ramma. Høie seier det kan komme tiltak på kort varsel òg i desse kommunane.
– Viss det muterte viruset spreier seg, vil det vere svært krevjande å stanse spreiing til resten av landet, seier han.
– Dette er ein innsats ikkje berre for dette området, men for heile landet, sa han.
(©NPK)