Vest politidistrikt: Nesten dobling av psykiatrioppdrag frå 2016 til 2020

Vest politidistrikt rykkjer stadig oftare ut på oppdrag til folk med psykiske utfordringar. Ei lovendring i 2017 kan vere forklaringa.

– Det er ein veldig stor auke av folk med psykiske utfordringar som gjer at politiet må agere, seier Helge Stave, som leier Felles eining for etterretning og etterforsking i Vest politidistrikt.   Foto: Marit Hommedal / NTB

innenriks

I 2016 hadde politiet 1.738 oppdrag dei koda som «psykiatri». På 45 av desse oppdraga var politiet væpna. I fjor var talet på psykiatrioppdrag auka til 3.332, nesten ei dobling. Politiet var væpna i 195 tilfelle, viser tal Bergens Tidende har fått frå Vest politidistrikt

– Det er ein veldig stor auke av folk med psykiske utfordringar som gjer at politiet må agere, seier Helge Stave, leiar av Felles eining for etterretning og etterforsking i Vest politidistrikt.

Helse Bergen opplyser at ambulanseoppdraga den same perioden har lege på det jamne.

Ei mogleg forklaring på utviklinga er at lov om psykisk helsevern vart endra i 2017.

– Kort fortalt betyr endringa at pasientane har fått større makt over seg sjølve, og at moglegheita helsevesenet har til å tvangsinnleggje folk er innsnevra, seier Stave til BT.

Politiet spør seg om eit ønske om å få ned tvangsbruken har gjort samfunnet mindre trygt.

– Vi ser at vi har hatt drapssaker der gjerningspersonen har skrive seg ut frå psykiatriske institusjonar og kort tid etter utfører drap. I dommane les vi at gjerningspersonane var psykotiske då dei drap, seier Stave.

(©NPK)