Regjeringa vil ha innspel til lovforslaget om tvangsbruk

Regjeringa inviterer før sommaren til innspel om forslaget frå tvangslovutvalet om ei ny lov om tvangsbruk innan helse- og omsorgstenesta.
innenriks

Forslaget frå utvalet vart lagt fram i 2019 etter tre års arbeid. Dei foreslår mellom anna å forby bruk av reimar.

– Dei har foreslått store og omfattande endringar for helsetenesta som grip inn i måten vi hjelper på. Eg veit mange er bekymra for om vi er førebudde på desse endringane. Derfor kjem vi før sommaren til å sende ut eit høyringsnotat der vi inviterer til å gi innspel til kva som må til for at vi skal lykkast med endringane, seier helseminister Bent Høie (H) under presentasjonen av sjukehustalen for 2021.

Regjeringa vil i det varsla notatet òg seie korleis dei vurderer dei sentrale lovforslaga frå tvangslovutvalet.

(©NPK)