Professor Ingvild Sælid Gilhus får Akademiets HumSam-pris

Det Norske Videnskaps-Akademis pris for framifrå forsking innan humaniora og samfunnsvitskap går til professor i religionsvitskap Ingvild Sælid Gilhus.
innenriks

Priskomiteen grunngir prisen med at det er liten tvil om at Gilhus har hatt særs stor innverknad på utviklinga av religionsvitskapen som disiplin i Noreg.

Gilhus er religionsvitar ved Universitetet i Bergen, og ho har forska på mellom anna Snåsamannen, tidleg klosterliv og rolla til latter i religion.

– Gilhus er eit utmerkt døme på den nysgjerrigheitsdrivne forskaren som brenn for faget sitt og som samtidig er open for innsikter frå andre fagområde. Gilhus evner å kombinere fagområde på nyskapande vis, seier leiar Gunn Elisabeth Birkelund i priskomiteen.

Prisen blir delt ut annakvart år, og førre vinnar var Jon Elster. Prispengane er 250.000 kroner.

(©NPK)