Oslo varslar koronatiltak retta mot smitteutsette bydelar

Oslos austkant har over lang tid hatt eit høgt smittetrykk. Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) varslar målretta tiltak for hardt koronaramma bydelar.
innenriks

Kommande veke skal byrådet presentere koronatiltak. Det er allereie kjent at gjeldande tiltak blir forlengde i to nye veker.

Sjølv om byrådsleiar Raymond Johansen førebels ikkje ønskjer å svare på om det blir strengare tiltak, varslar han at tiltak òg på bydelsnivå kan ventast.

– Vi skal ha meir målretta tiltak retta mot bydelar og stader der smitten er høgare, seier Johansen til NTB.

– Det kan hende at vi òg ser på testkapasiteten på nokre av dei mest utsette stadene slik at vi greier å fange opp smitten tidlegast mogleg og får sett folk i karantene, seier han.

Byrådsleiaren understrekar at smittesituasjonen i hovudstaden òg heng saman med bumønster og sosiale utfordringar. Samtidig meiner han at bydelane har vore gode til å informere befolkninga på ulike språk.

– Bydelen har gjort ein fantastisk jobb. Viss vi ikkje hadde hatt alle tiltaka, så hadde smittesituasjonen vore mykje meir alvorleg. Vi har kunnskap ned på blokknivå i nokre av desse bydelane om kor det er mest smitte, seier Johansen.

Onsdag var smittetrykket høgast i bydel Stovner, der det var 576 smitta per 100.000 innbyggjarar. Deretter følgde Søndre Nordstrand (533,9), Grorud (422,3), Alna (381,5) og Gamle Oslo (352,8). Lågast var smitten i bydelen Nordre Aker (99,6) og Ullern (167,8).

(©NPK)