No blir koronaminna stilte ut på nett

Noregs største arkiv med koronaminne har opna for publikum etter at Norsk Folkemuseum i vår bad publikum om erfaringar og opplevingar frå koronatida.
innenriks

Over 700 bidrag frå heile landet kom inn i innsamlinga og over 500 av forteljarane valde å publisere historiene offentleg, skriv Norsk Folkemuseum på nettsidene sine.

Arkivet, som no er tilgjengeleg på nettstaden minner.no, gir unike innblikk i korleis folk opplevde krisa som trefte Noreg 12. mars 2020.

– Alt som er skjedde i 2020 i kampen mot pandemien vil uansett bli ein del av identiteten og historia vår. Krisa har ramma dagleglivet. Dei daglege vala – korleis vi helsar, serverer mat, vaskar hender, reiser på ferie og mykje, mykje meir – har fått politisk betydning, seier folkeminnesamlar Audun Kjus ved Norsk Folkemuseum.

No inviterer museet til ein ny innsamlingsaksjon, denne gongen om opplevingane i haust og vinter.

(©NPK)