33.611 nordmenn har fått første dose av koronavaksinen

Onsdag var 33.611 personar i Noreg vaksinerte med den første av to dosar av koronavaksinen til Pfizer og Biontech. 7.622 personar fekk vaksinen onsdag.
innenriks

Det vart sett 3.813 fleire vaksinar onsdag enn det som vart utført dagen før, viser Folkehelseinstituttets statistikk.

Flest vaksinerte er det i Viken (7.146), Vestland (4.179), Oslo (3.672) og Innlandet (3.457). Færrast dosar er sette i Nordland (1.607), Troms og Finnmark (1.699) og Møre og Romsdal (1.629).

I 11 kommunar er det ifølgje FHI-statistikken førebels berre sett mellom null og fire vaksinar.

Noreg starta vaksinasjonen 27. desember. Svein Andersen (67) på Ellingsrudhjemmet i Oslo fekk æra av å vere først i køen. Ei fersk undersøking viser at 74 prosent av nordmenn ønskjer å ta vaksinen. Berre 8 prosent seier nei, medan resten er uvisse.

Slik fordeler vaksinasjonen seg mellom fylka (vaksinasjon utført onsdag i parentes):

* Agder, totalt første dose: 2.071 (774)

* Innlandet, totalt første dose: 3.457 (749)

* Møre og Romsdal, totalt første dose: 1.629 (336)

* Nordland, totalt første dose: 1.607 (525)

* Oslo, totalt første dose: 3.672 (290)

* Rogaland, totalt første dose: 2.180 (673)

* Troms og Finnmark, totalt første dose: 1.699 (572)

* Trøndelag, totalt første dose: 2.774 (756)

* Vestfold og Telemark, totalt første dose: 3.177 (1.181)

* Vestland, totalt første dose: 4.179 (999)

* Viken, totalt første dose: 7.146 (1.503)

(©NPK)