1 av 6 tilsette i utlendingseininga til Politiet har opplevd seksuell trakassering

16 prosent av dei tilsette i Politiets utlendingseining har opplevd seksuell trakassering det siste året, viser ei undersøking.
innenriks

– Dette resultatet er alvorleg. Ingen tilsette i PU skal måtte oppleve uønskt seksuell merksemd, seier Kristin Fiksdal Eide, stabssjef for HMS og HR i Politiets utlendingseining til NRK.

I fjor haust vart det gjennomført ei undersøking om seksuell trakassering i politiet, og i desember vart dei overordna resultata publisert. I undersøkinga svarte i alt 904 tilsette i politiet at dei har opplevd seksuell trakassering det siste året. Det svarer til 6,6 prosent av dei som svarte på undersøkinga.

Torsdag vart resten av rapporten offentleggjort. Den viser at det er store forskjellar blant distrikta og særorgana..

Politiets utlendingseining, som har ansvar for asyl- og utlendingssaker, peikar seg ut. Her har 60 av dei 385 som deltok i undersøkinga svart at dei har opplevd seksuell trakassering det siste året. Det svarer til 15,9 prosent. Sørvest politidistrikt er på plassen bak med 8,6 prosent.

Kristin Fiksdal Eide seier at ho er overraska over at talet er så høgt, og at det ligg så mykje høgare enn for tala til resten av politiet.

– Vi har førebels ingen gode svar på kvifor det er sånn, men undersøkinga gir oss eit godt grunnlag for å arbeide vidare med å finne gode og førebyggjande tiltak, seier ho.

(©NPK)