Oslo Børs fall gjennom dagen

Etter ein ny tur over 1.000 poeng fall hovudindeksen på Oslo Børs gjennom onsdagen. Han enda på 990,4 poeng, ned 0,9 prosent.
innenriks

For sjømatsektoren var nedgangen heile 2,8 prosent, medan shipping fall 0,9 poeng.

Som vanleg var Equinor mest omsett, og aksjen fall 0,2 prosent.

Den store taparen vart Kongsberg Automotive, som fall 15,9 prosent. Aksjen var den tredje mest omsette på hovudindeksen onsdag. Ifølgje Finansavisen har Teleios Global Opportunities Master Fund selt 50 millionar aksjar i selskapet og med det innkassert 19,5 milliardar kroner.

Nedover gjekk det òg for Mowi (-4,1), DNB (-2,5), Telenor (-0,1), Norsk Hydro (-2,9), Aker BP (-0,9) og Orkla (-0,4). Blant vinnarane finn vi Nel og Yara International, som steig høvesvis 2,5 og 3,3 prosent.

Ved dei tonegivande børsane i Europa var ikkje utslaga dei heilt store onsdag. I London fall FTS 100-indeksen marginale 0,03 prosent, medan DAX 30 i Frankfurt og CAC 40 i Paris steig høvesvis 0,2 og 0,3 prosent.

Då handelen opna i USA, var det teknologiindeksen Nasdaq som utmerkte seg, med ein oppgang på 0,6 prosent etter rundt to timars handel. Også Dow Jones og S&P 500 hadde oppgang.

Nordsjøolje vart onsdag ved 17-tida omsett for 56,26 dollar, eit fall på 0,8 prosent.

(©NPK)