Endå ei elendig måling for Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet får ein oppslutnad på 19 prosent i ei ny måling frå Opinion, ein nedgang på 2,7 prosentpoeng. Høgre er det største partiet med 26,9 prosent.
innenriks

For sjette månad på rad er Høgre det største partiet i landet, og framgangen er på heile 4 prosentpoeng.

Sidan september i 2020 har Arbeidarpartiet lege mellom 19 og 22 prosent på målingane som Opinion utfører for FriFagbevegelse, Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Når vi har tapt så mykje tillit som vi har, tek det tid å få tilliten tilbake. Derfor har vi ein stor jobb å gjere framover. Likevel viser målinga eit klart fleirtal for ei regjering med Ap, Sp og SV. Det er eit tydeleg marsjorde som vi tek på alvor, seier Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran til FriFagbevegelse.

Senterpartiet får 20,1 prosent, ned 2 prosentpoeng. Det er likevel femte månad på rad der partiet får over 20 prosent.

Frp får 9,8 prosent, ned 1,1 prosentpoeng. SV er femte størst med 8 prosent, opp 1 prosentpoeng. MDG fell òg 1 prosentpoeng til 3,4 prosent. For dei resterande er det berre små endringar: KrF: 3,4 (uendra), Raudt 4,4 (+0,5) og Venstre 2,7 (+0,5).

Partibarometeret til opinion for januar 2021 er basert på 978 telefonintervju ved eit tilfeldig utval. Intervjua er gjennomførte 5.–11. januar 2021. Feilmarginen er mellom 1,4 og 3 prosent.


(©NPK)