Det vart sett 2.977 fleire vaksinasjonar tysdag enn det som vart utført dagen før, viser Folkehelseinstituttets statistikk.
Tysdag var det knytt stor uvisse til tala som vart publiserte, på grunn av tekniske problem.
Flest vaksinerte er det i Viken (5.643), Oslo (3.382) og Innlandet (2.708). Færrast dosar er sette i Nordland (1.082), Troms og Finnmark (1.127) og Agder (1.297).
I 21 kommunar er det ifølgje FHI-statistikken førebels berre sett mellom null og fire vaksinar.
Noreg starta vaksinasjonen 27. desember. Svein Andersen (67) på Ellingsrudhjemmet i Oslo fekk æra av å vere først i køen. Ei fersk undersøking viser at 74 prosent av nordmenn ønskjer å ta vaksinen. Berre 8 prosent seier nei, medan resten er usikre.
(©NPK)