To av ti kan lade elbilen heime

Berre 20 prosent av bilistane har tilgang til godkjend ladar for el- og hybridbil heime, viser ei ny undersøking.
innenriks

I hovudstadsområdet seier 35 prosent at dei har opplegg for lading ved bustaden. Det same svarer 26 prosent av dei som er busette i byar med meir enn 50.000 innbyggjarar. I mindre byar er delen 15 prosent.

I område med færre enn 5.000 innbyggjarar, har 12 prosent ladeopplegg heime.

– Forskjellane speglar at innfasinga av elbilar går særleg raskt i Oslo og andre storbyar. Desse forskjellane vil truleg vere slik ei god stund, men delen som investerer i heimeladar, vil nok auke ganske raskt over alt, seier Arild Hansen, dagleg leiar i Autobransjens Leverandørforening (ABL).

Undersøkinga er gjord av YouGov for ABL.

(©NPK)