Sparkesykkelselskap vil stanse fyllekøyring med promillegrense og politi

Sparkesykkelselskapet Voi ønskjer promillegrense og meir politi i kommande regelverk om elsparkesyklar i Noreg.
innenriks

Neste veke vil Statens vegvesen leggje fram sitt forslag til ny regulering av elsparkesyklar. Parkering, aldersgrense, bruk av fortau og ruspåverka køyring er blant det som er greidd ut.

For å få bukt med køyring i ruspåverka tilstand, meiner Voi det bør innførast ei promillegrense og auka kontroll frå politiet. Selskapet er dermed ikkje samd med skadelegevakta i Oslo, som ønskjer å sperre elsparkesyklane for bruk om natta.

(©NPK)