Bellona melder Equinor for grov miljøkriminalitet etter granskingsrapport

Bellona varslar at dei vil melde Equinor for grov miljøkriminalitet etter at Miljødirektoratet fredag kom med sterk kritikk av utslepp frå Mongstad.
innenriks

– Det vi ser no er eit selskap som er i djup krise, og som må definerast som notorisk miljøkriminelle. Eg er djupt bekymra for utviklinga vi ser, det er berre eit tidsspørsmål før ei alvorleg ulykke skjer på eitt av anlegga deira, seier Bellona-leiar Frederic Hauge til NTB.

Miljødirektoratet kom fredag med svært sterk kritikk av Equinor, og skriv at styret ikkje tek miljøet på alvor etter å ha fått ei intern gransking av utsleppa på Mongstad. Rapporten omhandlar fleire ulovlege oljeutslepp på Mongstad, og kjem kort tid etter brannen på LNG-anlegget på Melkøya.

– Vi kjem til å melde dette. Det er grov miljøkriminalitet vi står overfor. Og igjen ser vi korleis vedlikehaldsprogramma blir kutta, akkurat som på Melkøya, seier Hauge.

– Kvifor er dette så alvorleg?

– For det første, her har medarbeidarar prøvd å seie frå, dei har fått beskjed om at dette skal dei ikkje bry seg med. For det andre viser det at leiinga ikkje prioriterer vedlikehald og miljø. Og det er det Miljødirektoratet som seier. Dette er eit resultat av kostnadssparing, og dei held ting skjult for styresmaktene, seier Hauge.

At kutt i vedlikehaldet er årsaka til utsleppa vil ikkje Equinor vere med på.

– Granskingsrapporten på Mongstad-hendinga slår ikkje fast at det var kutt i vedlikehaldsprogram som var årsaka til hendinga. Hendinga på Melkøya er framleis under gransking og Bellona har ikkje grunnlag for å trekkje konklusjonar på årsakene til hendinga, seier pressetalsperson Eskil Eriksen i Equinor til NTB.

Det var Equinor sjølv som oppdaga utsleppa og melde inn dette til Miljødirektoratet.

– Forholda vi har avdekt på Mongstad er uakseptable, seier Irene Rummelhoff, direktør for Markedsføring, prosessering og handel i Equinor, i ei pressemelding som vart sendt ut tidlegare.

(©NPK)