Rasmus Hansson vil tilbake på Stortinget – vann kampvotering i Oslo MDG

Lan Marie Berg toppar vallista for Oslo MDG. Andreplassen blir fylt av Rasmus Hansson, som vann kampvoteringa mot Grønn Ungdom-topp Hulda Holtvedt.
innenriks

Berg, som er miljøbyråd i Oslo, var utan motkandidatar og fekk samrøystes støtte til førsteplassen på nominasjonsmøtet torsdag kveld. Men på andreplassen var det duka for kamp mellom to av profilerte politikarar i partiet.

Holtvedt (21) er vararepresentant på Stortinget i dag og var samrøystes innstilt til andreplassen av nominasjonskomiteen, men vart utfordra av 66 år gamle Hansson, som tidlegare har vore nasjonal talsperson og stortingsrepresentant for partiet.

Han trekte seg først frå nominasjonskampen, men ombestemde seg etter det han kallar eit «stort, hyggjeleg og overbevisande» press.

– For smal

I debatten før voteringa meinte fleire at innstillinga frå nominasjonskomiteen var for smal, med for mange kvinner under 35 år på dei øvste plassane på lista. Holtvedts støttespelarar viste på si side til at partiet har eit stort potensial til å kapre førstegongsveljarar og treng unge politikarar på topp.

Men sjølv om ungdomspartiet mobiliserte for leiaren sin, vart ho altså skubba til side av Hansson.

Hansson fekk 211 av stemmene på det digitale møtet, medan Holtvedt fekk 173 stemmer.

Det var òg kampvotering om tredjeplassen på lista, der det kom inn heile to benkeforslag, mellom anna Greenpeace-leiar Truls Gulowsen. Fleirtalet støtta likevel eit anna benkeforslag: Sigrid Z. Heiberg.

Kan få inn to

Dersom meiningsmålingane slår til, kan partiet klare å få inn to representantar på Oslo-benken ved stortingsvalet neste år, ifølgje Poll of polls.

Oslo MDG har vore representert på Stortinget sidan 2013, først av Hansson, deretter av Une Aina Bastholm.

Sistnemnde stiller neste år som toppkandidat for partiet i Akershus.