Nybø har tillit til smittevernet i norske matbutikkar

Næringsminister Iselin Nybø (V) er førebudd på ei forverra smittekrise før jul, men håpar på det motsette med opne butikkar og eit ansvarleg julerush.
innenriks

– Vi ser at folk handlar sjeldnare under koronaen, men at handlekorga er fullare enn tidlegare, seier konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen til NTB.

Han får medhald frå Rema 1000-sjefen, Trond Bentestuen. Også i Rema merkar dei at nordmenn handlar meir når dei først går i butikken under koronapandemien.

Matbutikkane er sentrale i mange kjøpesenter og tiltrekkjer seg mange handlande. Etter koronautbrotet i mars har dei fleste av matbutikkane i landet halde ope, men med stadig meir kreative løysingar for å halde smitten frå både kundar og eigne tilsette unna.

For medan grensa til Sverige har vore stengd, har omsetninga for daglegvarer gått opp i Noreg. Ein handelslekkasje estimert til opp mot 17 milliardar kroner, er nesten heilt oppkøyrd.

– Ny normal

Saman med viseadministrerande direktør Gøril Johnsen i Coop, møtte Hollevik og Bentestuen representantar for den tyngste matmakta i Noreg, næringsminister Iselin Nybø (V) i ein velfylt Meny-butikk i Oslo tysdag. Medan Bentestuen stilte til møtet utan munnbind og er streng på å halde «meter'n», møtte både Hollevik og Johnsen med maske.

– Vi må berre halde fram med å jobbe saman med kundane om å minne dei på det som gjeld av smittevern. Men no som vi går mot jul, vil vi få sjå ein ny normal når det gjeld julehandel, spår Bentestuen og viser til at jula og adventstida i større grad enn tidlegare vil bli markert på heimebane.

Før ei travel førjulstid startar, er aktørane sjølve og regjeringa opptekne av å få ut bodskapen om at matbutikkane ikkje er ein farleg stad å oppsøkje, så lenge smittevernråda om avstand og hygiene blir overhaldne.

Lite spreiing

Med skjerpa koronarestriksjonar i samfunnet rundt, opplevast det å gå ut for å handle mat som ei utfordring og ein potensiell smittefare for alle.

– Vi har ikkje sett noka særleg smittespreiing som kan sporast tilbake til daglegvarehandelen, seier Nybø roande.

Byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen (Ap), uttalte tysdag at han var bekymra for presset på mange kjøpesenter etter at veldig mange fritidsaktivitetar for ungdom er avlyst for å avgrense spreiinga av covid-19. Han har uttalt at han ikkje vil stengje ned kjøpesentera, men vil gå i dialog med senterleiarar og butikkar. Nybø seier ho forstår Johansens bekymring, men at ho har stor tillit til måten butikkane handterer smittefaren på. At ungdom utan noko fritidstilbod skal føre til stenging av heile kjøpesenter, ser ho ikkje for seg.

– Dei tiltaka som er sette i verk no, er jo for å forhindre at vi skal setje i verk endå strengare tiltak seinare. Dette er no noko vi må handtere i fellesskap. Kvar enkelt av oss er ansvarleg for å sprite hendene, halde avstand eller bruke munnbind og halde seg heime, seier Nybø medan ho blir sett til å stable mandarinar.

– Vi er godt førebudde på at det kan bli verre, men også på at vi kan ta denne beredskapen ned dersom det blir betre, seier Nybø.

– Feil medisin

I hovudorganisasjonen Virke seier direktør for handel, Harald Jachwitz Andersen, at ein nedstenging av kjøpesentera like før jul vil påverke store delar av årsomsetninga og dessutan ei rekkje bransjar som allereie er kraftig ramma av pandemien. Om lag 20.000 menneske jobbar i kjøpesentera i landet, og ei nedstenging no vil ramme både bedriftene og dei tilsette hardt.

– Stenging av kjøpesenter er feil medisin. Det blir som å skyte sporv med kanon og vil truleg verke mot hensikta si òg smittevernmessig, seier Andersen.

Bransjedirektør for Handel i NHO, Linda Vist, er ikkje redd for at det vil bli noka nedstenging av kjøpesentera samla sett for å hindre at det utviklar seg til ein sosial arena for ungdom i førjulstida.

– Julehandelen samla sett føler vi oss veldig tryggje på, men vi ser det er mykje svikt i kommunikasjonen rundt smittevern. Vi ser det er mykje uro og uvisse knytt til det, men det handlar om å gi tryggleik til dei som skal handle, seier Vist.



(©NPK)