Forbrukarrådet: Billigvarer frå utanlandske nettbutikkar kan vere livsfarlege

Forbrukarrådet rykker ut med varsku i førjulshandelen om at varer kjøpt utanfor EU/EØS kan vere svært helseskadelege. Kjøper du slike, står du ansvarleg.
innenriks

Ei undersøking gjennomført av den europeiske forbrukarorganisasjonen BEUC i februar viser at to av tre testa produkt kjøpt frå mellom anna Amazon, AliExpress, eBay og Wish hadde alvorlege feil og manglar.

250 elektriske varer, inkludert leikar, barneklede, kosmetikk og andre potensielle julepresangar, vart handla inn av seks forbrukargrupper og testa i samsvar med reglane som gjeld i EU og EØS.

Tre av fire USB-ladarar og reiseadapterar, langt dei fleste av dei billege og umerkte, vart anten overoppheta eller gav fare for straumsjokk – eller begge delar. Ein annan versting var røykvarslarar, der ingen av dei sju produkta passerte testen – ingen reagerte på karbonmonoksid, medan fire ikkje reagerte på noko røyk i det heile.

Ei kosmetikkvare som det kanskje ikkje freistar å kjøpe utanlands etter dette, er tannbleikemiddel, der sju av ti produkt inneheldt for høge nivå av hydrogenperoksid, mellom 14 til 70 gonger høgare enn det som er lov her heime.

Livet og helsa til barn

Forbrukarrådet seier dette er funn som føyer seg inn i rekkja av undersøkingar som viser at det kan vere risikabelt å handle i nettbutikkar utanfor EU/EØS. Rådet har òg avdekt leikar som kan vere direkte livsfarlege for barn, og kosmetikk som inneheld skadelege stoff som er forbodne i EU og Noreg.

– Leikar og kosmetikk som inneheld helseskadelege kjemikaliar, og dessutan leikar som kan føre til kveling eller har delar som kan setje seg fast i magen, og innhald av bly og kvikksølv er blant dei oppsiktsvekkjande funna, seier Gunstein Instefjord som er fagdirektør Handel hos Forbrukarrådet.

I BEUC-undersøkinga hadde 14 av 16 undersøkte plagg til barn auka ulykkesfare, som kveling.

Ditt ansvar

Forbrukarrådet understrekar overfor NTB at med ein gong ein handlar inn frå eit land utanfor EU/EØS, går ein frå å vere forbrukar med tilhøyrande rettar, til å bli importør, med tilhøyrande ansvar.

– Handlar du i norske eller andre europeiske nettbutikkar, er det seljar som er ansvarleg for at varene tilfredsstiller europeiske krav til helse, miljø og tryggleik. Handlar du i butikkar utanfor EU/EØS, som Kina, USA og Taiwan, er det ditt eige ansvar å sørgje for å dokumentere at produkta tilfredsstiller europeiske krav. Og, nei, det er ikkje nok at produsenten har stempla CE-merke på varene, seier Instefjord.

Ei av forpliktingane du har som importør, er å sørgje for standarden om du sel eller gir vara vidare til andre.

– Ved vidaresal, det vere seg nytt eller brukt, er du ansvarleg for at produktet tilfredsstiller europeiske krav til helse, miljø og tryggleik, seier Instefjord.

Eit billeg kjøp kan dermed bli ein dyr affære om noko skulle skje og du blir stilt til ansvar.


(©NPK)