Etter jul må 1,5 millionar tilsette ta stilling til den nye pensjonskontoen

Snart strøymer tilbod inn frå pensjonsselskap som vil lokke deg over til selskapet deira. Det skarpaste blikket skal ein ha på gebyra, rår Forbrukarrådet.
innenriks

– Det er nok grunn til å anta at dei store selskapa vil leggje vekt på at dette går av seg sjølv. Samanslåinga skjer automatisk, og du som arbeidstakar treng ikkje å gjere noko, seier fagansvarleg Elisabeth Realfsen i Finansportalen hos Forbrukarrådet.

Mange vil nok nyte godt av vilkår som arbeidsgivaren har forhandla fram, men likevel kan det vere smart å òg vurdere den flytteretten du har.

– For mange vil det finnast interessante alternativ, til dømes å ta med seg den standard kompensasjonen og heller kjøpe eit billeg globalt indeksfond hos ein sjølvvald leverandør, seier Realfsen.

Fell ut

Frå 2021 vil alle som er tilsette i private bedrifter med innskotspensjon, få ein pensjonskonto. Målet er at gebyra skal ned, og at det blir lettare å få oversikt. Dette omfattar 1,5 millionar nordmenn.

– Eg er glad for at eigen pensjonskonto no blir innført frå nyttår. Dette vil gi lågare kostnader, og arbeidstakarane får betre oversikt over pensjonssparinga. Vi opnar òg for at arbeidstakarar som ønskjer det, sjølv kan bestemme kvar dei vil forvalte pensjonssparinga, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Offentleg tilsette, dei som har bedrifter med ytingspensjon eller hybrid, dei som har flytta til utlandet, og dei som er utan jobb, er ikkje omfatta av den kommande pensjonskontoen.

– Det blir nesten skapt eit inntrykk no av at dette vil gjelde alle tilsette i Noreg. Det er ikkje tilfellet. Ordninga vil berre gjelde for dei som jobbar i private bedrifter som har innskotspensjon, seier Realfsen.

Ho ber den store gruppa som ikkje er omfatta av ordninga, om å sjekke pensjonane sine.

– For denne store gruppa er det framleis veldig viktig å passe på at ikkje gebyra et opp avkastinga på pensjonsmidla. Du kan få full oversikt på Finansportalens Gebyrsjekk.

Alternativ

For dei som får ein pensjonskonto i 2021, er det ei rekkje alternativ. Ein har frist til 1. mai 2021 med å bestemme seg. Det gjer ein via nettsida til Norsk Pensjon.

Du kan velje å samle alle tidlegare pensjonskapitalbevis og dei pensjonane du har i dag, hos den pensjonsleverandøren som arbeidsgivaren din bruker. Dette vil skje automatisk viss du ikkje tek eit aktivt val. Alternativa er å flytte berre tidlegare pensjonskapitalbevis eller også noverande pensjonsbetaling til andre pensjonsselskap.

Arbeidsgivaren betaler gebyr for dagens pensjonsinnbetaling eller eventuelt ein standard kompensasjon, viss du flyttar. Gebyr for tidlegare pensjonskapitalbevis må du uansett betale sjølv.

(©NPK)