Væpna politi arresterte mann i Sola etter drapstruslar på sosiale medium

Væpna politi arresterte torsdag ein mann på Røyneberg i Sola kommune etter at mannen skal ha trua på sosiale medium med å ta livet av fleire personar.
innenriks

– Ein mann i 30 åra hadde sett fram munnlege truslar via sosiale medium om at han ville ta livet av fleire ikkje namngitte personar. Politiet har arrestert personen, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Politiet melde om arrestasjonen klokka 11.40 torsdag formiddag.

Ifølgje politiet er mannen roleg og verkar samarbeidsvillig.

(©NPK)