Smittetilfelle på fødeavdeling i Bærum

Ein tilsett ved føde- og barselavdelinga på Bærum sjukehus har fått påvist koronavirus. Fleire personar med tilknyting til avdelinga er sett i karantene.
innenriks

Sju tilsette er sett i karantene. Det er òg fleire pasientar og leiarar som har hatt kontakt med den smitta tilsette, skriv Budstikka, som refererer frå ei pressemelding frå Vestre Viken helseføretak.

Ifølgje avisa kjem det i pressemeldinga ikkje fram kor mange det gjeld.

Alle som er sett i karantene, er informerte, og det blir utført testar både av sjukehuset og av kommunen.

Helseføretaket opplyser at smitten ikkje påverkar drifta av seksjonen.

(©NPK)