Politikvinne står fram med historie om sextrakassering i politiet

Politioverbetjent Tania Randby Garthus fortel i ein kronikk om mange opplevingar med sextrakassering i politiet. – Ho er sterk, seier politidirektøren.
innenriks

Politi-Noreg har vore skaka av påstandar om sextrakassering denne veka i samband med eit forskingsprosjekt som går føre seg. Det viser at etaten framleis har mykje å jobbe med.

I kjølvatnet av dette har politioverbetjent Garthus vorte så provosert av korleis nyheitene blir tulla med i sosiale medium, at ho har skrive ein kronikk i Politiforum om opplevingane sine frå 90- og 2000-talet.

Ho skildrar ein kultur «der tvangskyssing og «merrabitt» med gigantblåmerke på låret som resultat, berre var ein del av pakken. Såpass må ein tole, å vere politi er ikkje for pingler».

Vart spurd om sex

Vidare fortel ho om ein episode der ein mannleg politibetjent vende seg til henne då ho som ung aspirant skulle overnatte på politistasjonen.

– Som fersk aspirant på 90-talet skulle eg overnatte på stasjonen mellom to vaktsett. Ein kollega stod breibeint i døra og sa at han kom til å komme innom om natta så eg kunne få meg litt sex. Berre ein spøk sjølvsagt, men følte eg meg heilt trygg der eg låg på ein madrass og prøvde å sove? skriv ho i kronikken.

VG har vore i kontakt med ein noverande leiar i det aktuelle politidistriktet.

– Eg har vore i politiet lenge og har sett delar av ukulturar, men ikkje noko i nærleiken av dette her. Dette er noko av det verste eg har høyrt, seier han.

– Sterk politikvinne

Garthus stod fram med historia i Dagsrevyen på NRK. Der fekk ho skryt av politidirektør Benedicte Bjørnland.

– Det er ei trist historie, men det har vore ei sterk politikvinne som har stått gjennom dette, seier Bjørnland til NRK.

Politidirektøren understrekar at politiet har teke grep etter det som har komme fram denne veka.

– Derfor set vi i verk no ei medarbeidarundersøking som eksplisitt tek for seg seksuell trakassering og som kjem til å vere detaljert i spørsmåla sine, seier Bjørnland.

(©NPK)