Mange nordmenn skeptiske til koronavaksine

18 prosent av dei spurde i ei fersk undersøking seier nei til å ta koronavaksine. Det svarer til rundt ein million nordmenn.
innenriks

Undersøkinga er gjennomført av YouGov på vegner av Tryg Forsikring. På spørsmål om ein kjem til å vaksinere seg mot covid-19 når det kjem ein vaksine, svarte 18 prosent nei, 33 prosent svarte veit ikkje, medan 49 prosent svarte ja.

– Manglande vaksinasjon kan føre til at pandemien varer lenger enn han elles ville ha gjort, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Han legg til at dei oppmodar kundane til å følgje rådet frå styresmaktene om å ta vaksinen når han er tilgjengeleg.

– Samtidig vil vi åtvare alle mot å reise utanlands utan å ha vaksinert seg, sjølv til land som ikkje lenger er raudmerkte, seier Irgens.

Undersøkinga viser at neidelen er størst i Innlandet fylke, der 32 prosent svarer at dei ikkje kjem til å ta vaksinen. Troms og Finnmark har den lågaste delen, der 11 prosent svarer nei.

Tidlegare denne veka kom nyheita om at regjeringa har vedteke at vaksinen mot covid-19 skal vere gratis for heile befolkninga. Målet er at vaksinen blir tilgjengeleg for alle så raskt som mogleg når den kjem. Helseminister Bent Høie (H) har sagt at håpet er å kunne byrje å tilby vaksine allereie tidleg i 2021.

(©NPK)