Solberg: – Covid-19 har ført til eit tilbakeslag for kvinnekampen

– Koronapandemien har vore eit tilbakesteg for likestilling for jenter, seier statsminister Erna Solberg (H) på Den internasjonale jentedagen.

Den internasjonale jentedagen er ein dag der vi set søkjelyset på rettane til jenter over heile verda, seier statsminister Erna Solberg (H). Her gjer ho yogaøvingar saman med jentene i Sisterhood.   Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

innenriks

Covid-19 har ført til mange problem, mellom anna permisjonar, innskrenka rørslefridom og at hjelpeinstansar er vanskelegare å nå på grunn av restriksjonar. Eit anna stort problem er at det har vore ein kraftig auke av vald mot kvinner etter nedstenginga.

I samband med Den internasjonale jentedagen søndag besøkte Solberg Sisterhoods lokale i Frogner bydelshus i Oslo torsdag.

– Dette er ein dag der vi set søkjelyset på rettane til jenter over heile verda, spesielt med tanke på covid-19. Mange opplever i desse tidene meir vald heime, får ikkje gått på skule som ofte er fristaden deira, einsemd og lite kontakt med venner, seier statsministeren.

Sisterhood er eit førebyggjande tiltak retta spesielt mot unge jenter. Målet er å styrkje sjølvkjensla til jenter, sjølvtillit, indre og ytre grenser og bidra til å skape eit godt miljø. Blant tilboda er yoga og anna trening.

Solberg meiner det er viktig med slike lågterskeltilbod som Sisterhood.

– Ein kjem til ein stad som tek opp store og små utfordringar i grupper, som igjen er viktig for å byggje opp sjølvtilliten til jenter og sjølvrespekt, og det er ein fin stad å få venner, seier ho.

Auke av vald mot kvinner

I juni kom FN med ei bekymringsmelding om vald i heimane etter at det sidan mars var registrert ein auke på 60 prosent i Chile. I Mexico vart det registrert 80 prosent auke av førespurnader på krisetelefonane i den første månaden etter utbrotet. Også i Colombia og Peru vart det registrert dystre tal.

I Storbritannia har det vorte rapportert om ein auke i partnardrap etter at koronapandemien.

– Koronapandemien har vore eit tilbakesteg for likestilling for jenter i mange land som har vore mykje meir nedstengt enn Noreg. Der vi har kunna røre oss meir rundt, alltid hatt éin og éin, har mange familiar i andre land levd inne i vekevis utan å gjere noko. Det å bli stengt inne set press på familiar, og då er det verre om det er vald i heimen frå før, seier Solberg.

Auke òg i Noreg

Forsking viser at vald i familiar aukar i økonomiske kriser, og ein av få rapportar som finst om konsekvensane av koronatiltaka på vald mot kvinner i Noreg, er krisesenterrapporten frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

– Studien vår viser til ein nedgang i talet på førespurnader til krisesenter. Nokre rapporterer òg om ei bekymring for at situasjonen kan ha skapt nye moglegheiter for å utøve kontroll og psykisk vald i familien, fortalde forskar Margunn Bjørnholt til Kjønnsforskning.no i august.

Ho kan ikkje forklare grunnen til nedgangen, men at det truleg var vanskelegare å oppsøkje hjelp under den strengaste nedstenginga.

Solberg seier at auken av vald mot kvinner i Noreg er urovekkjande.

– Vi er redd for det, ja. Mange har kanskje av smittevernomsyn ikkje tort å søkje hjelp. Det har vore meir kontrollert heime. Då er det vanskelegare for unge jenter å få den hjelpa dei treng. Spesielt når det ikkje har vore skule, der slike ting kanskje blir opp plukka, seier statsministeren.

Utfordrande

I Sisterhoods lokale fekk Solberg delta på nokre av aktivitetane dei hadde å by på, mellom anna yoga. Jentene fekk sjølv fortelje kvifor tilbodet er så viktig. Eit tilbod som feirar 15 år i år.

– Dei har gledd seg masse og følte at dei fekk snakke fritt om mellom anna kva dette betyr for dei. Så dette var veldig hyggjeleg. Og ei stadfesting for arbeidet vi gjer, fortalde leiar for prosjektet, Isabel Espinoza.

Ho kunne fortelje at covid-19 har bydd på utfordringar òg for dei, men at dei har vore heldige som har kunna halde ope.

– Det har vore avgrensingar, men å drive gruppearbeid har vore ein stor fordel. Vi har hatt eit tak på ti personar, så det har vore mogleg å gi alle som vil, eit tilbod, sa Espinoza.

(©NPK)