Lærarar gjennomfører vidareutdanning trass i korona

95 prosent av lærarar som tok vidareutdanning våren 2020, seier dei vil fullføre studiane, ifølgje ei ny undersøking.
innenriks

82 prosent seier dei er fornøgde med kvaliteten på undervisninga, men mange opplever at kvaliteten på studiet vart lågare som ein konsekvens av covid-19. Og mange saknar å møtast fysisk, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Før koronakrisa fekk dei fleste som gjennomfører vidareutdanning, forelesingar på lærestadene, og dei hadde fysiske samlingar med medstudentar. Sidan mars har all undervisning vorte flytta over på nett.

– Hovudinntrykket er at å bli tvinga over i nettbasert fjernundervisning har fungert tilfredsstillande for dei fleste, heiter det i rapporten frå Nifu.

(©NPK)