Virke meiner krisepakke gir reiselivsbransjen eit lite pusterom

Låg moms ut året og ekstra støtte til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar gir reiselivsbransjen eit lite pusterom, meiner Virke.
innenriks

Fredag ettermiddag vart det klart at Frp er samde med regjeringspartia om fleire tiltak som skal betre situasjonen for eit hardt prøva reiseliv.

– Denne semja gir eit lite pusterom ut året for ein hardt prøva bransje, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.

Han peikar på at reiselivet er i ein ekstremt vanskeleg situasjon og vil rammast så lenge koronakrisa varer.

– Då er det avgjerande at dei blir gitt støtte og føreseielegheit så lenge dei må leve under myndigheitspålagde restriksjonar, seier han.

(©NPK)