Fleire sjukdommar har hatt lågare døyelegheit under pandemien

Det er registrert færre dødsfall av hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar under koronautbrotet. Også talet på sjølvmord har gått ned.
innenriks

Førebels statistikk frå Dødsårsaksregisteret for perioden mars til mai i år viser at det ikkje har vore noka overdøyelegheit, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

I perioden mars til mai 2020 vart det registrert totalt 10.217 dødsfall i Noreg. Dette svarer til 190 dødsfall per 100.000 innbyggjarar, noko som er på same nivå som i 2019, då det var 192 dødsfall per 100.000 innbyggjarar.

Trur smitteverntiltak reduserte talet på døde

I same periode er det førebels registrert 2.124 dødsfall av hjarte- og karsjukdommar. Dette er færre enn i same periode tidlegare år.

Folkehelseinstituttet understrekar likevel at talet på dødsfall som kjem av hjarte- og karsjukdommar, har gått ned dei siste åra, og at det er for tidleg å seie om talet har falle meir enn forventa.

Det er òg færre registrerte dødsfall som følgje av lungesjukdom. Ifølgje dei førebelse tala døydde 296 personar av lungebetennelse mellom mars og mai. Tala for 2019 er ikkje klare, men snittet for dei same månadene frå 2014 til 2018 var 392 dødsfall.

– Det er nærliggjande å tru at det kan ha samanheng med smitteverntiltaka under pandemien, seier fagdirektør Frode Forland ved FHI.

Færre døydde av sjølvmord og narkotika

Talet på registrerte sjølvmord har òg gått ned. Førebels er det påvist 140 sjølvmord mellom mars og mai, noko som svarer til 2,8 per 100.000 personar. Mellom 2014 og 2018 låg talet på mellom 2,9 og 4,1.

Også talet narkotikautløyste dødsfall har gått ned. Mellom mars og mai i år vart det registrert 60 narkotikautløyste dødsfall, medan det i 2016 vart registrert 63, i 2017 vart det registrert 65, og i 2018 vart det registrert 79.

(©NPK)