Heimekontor aukar risiko – 300.000 nordmenn svindla på eitt år

8 prosent av alle mellom 15 og 74 år sa i juli at dei var utsette for økonomisk svindel det siste året. Å jobbe åleine aukar risikoen for å bli lurt.

8 prosent av alle dei spurde mellom 15 og 74 år, eller meir enn 300.000 personar, har blitt svindla på ein måte som hadde fått økonomiske konsekvensar. I aldersgruppa 15 til 34 år er delen som har fått ei slik dyrekjøpt erfaring det siste året, heile 15 prosent.   Foto: Erik Johansen / NTB

innenriks

Det er NorSIS som har gjennomført undersøkinga, som viser at meir enn 300.000 personar har vorte svindla på ein måte som hadde fått økonomiske konsekvensar. I aldersgruppa 15 til 34 år er delen som har fått ei slik dyrekjøpt erfaring det siste året, endå høgare – heile 15 prosent.

Det høge talet har neppe gått under radaren i norsk næringsliv, der 64 prosent fleire tilsette enn i fjor har bestilt opplæringspakken Nasjonal tryggingsmånad i informasjonstryggleik i år. Så langt er 164.000 påmelde.

Også talet på verksemder som har bestilt kurset, har auka kraftig, med 30 prosent.

– Det er heilt openbert at meir svindel i omløp og den auka bruken av heimekontor har gjort fleire verksemder opptekne av å gi dei tilsette opplæring i informasjonstryggleik, seier seniorrådgivar Trude Talberg-Furulund i NorSIS til NTB.

I første halvår av 2020, og særleg etter at koronatiltaka vart sette i verk, har dei digitale truslane som rammar folk flest og små og mellomstore bedrifter, i aukande grad vore svindel, opplyser NorSIS.

Mykje heimekontor

Framleis jobbar heile éin av tre i Noreg hovudsakleg på heimekontor, ifølgje ei undersøking frå Norsk koronamonitor førre veke. Bruken av heimekontor er på veg oppover igjen i september.

Mange sit åleine utan eit sosialt nettverk eller ein IT-medarbeidar, nokon som kan bidra med ei realitetsorientering til dømes viss ein litt mistenkjeleg e-post skulle dukke opp, der logoen til avsendar kanskje ikkje ser heilt ut som han pleier, eller ordlyden får ein til å stusse.

Etter berre dagar med nedstenging i Noreg kom dei første meldingane om koronasvindel på nett. Det kom e-postar med falsk covid-informasjon, tilbod om vaksinar mot covid-19 eller faktura på mangelvarer som handdesinfeksjon og munnbind, i tillegg til mykje anna som kunne vere freistande å klikke på i heimekarantene.

Angrep og nettvit

Dei første seks månadene av 2020 var det 17 prosent fleire dataangrepskampanjar enn det var for heile 2019, ifølgje ein rapport frå det amerikanske datatryggingsselskapet Crowdstrike. Omstruktureringa av arbeidslivet fordi folk vart sende heim for å jobbe, blir nemnt som ei av årsakene til auken.

Tala viser at auken byrja allereie då nyheitene om det nye koronaviruset – og spreiinga av viruset – starta i januar. Parallelt med det auka elles forståinga til folk for angrepa, også i Noreg.

Talet på brukarar av nettvett.no auka med heile 71 prosent i perioden 1. januar til 31. mai samanlikna med tilsvarande periode i fjor. I same periode opplevde NorSIS at det i aukande grad er einskildmenneske, ikkje datamaskina, som er mål nummer éin for dataangrep.

I sommarferiemånadene, og då smittespreiinga var låg i Noreg, gjekk trafikken på nettvit-sida ned, for å auke igjen då smitten auka i slutten av august og i september.

Hektisk

Oktober er Nasjonal Tryggingsmånad. NorSIS, som er ein del av satsinga til regjeringa på informasjonstryggleik, forventar ytterlegare auke i talet på påmelde til kurs.

Med utstyret til bedrifter utplassert på heimekontor, høgare terskel blant folk for å reagere på underlege førespurnader og ingen å rådføre seg med, meiner NorSIS at tryggleikskurset i år er ekstra viktig, og vil ha fleire med.

– Kunnskapsrike tilsette kan lettare gjennomskode svindel og bedrag og bidra til å gjere bedrifta sikrare, seier Talberg-Furulund.

For nordmenn klikkar enno utan å tenkje. I ei anna fersk NorsIS-undersøking gir ein firedel av dei 1.500 spurde opp at dei aldri eller berre av og til sjekkar om ei lenkje eller eit vedlegg i ein e-post er trygt før dei opnar det.