Equinor og staten i skattetvist

Staten meiner Equinor Energy selde gass for billeg til morselskapet Equinor frå 2012 til 2014. Equinor meiner dei må ut med for mykje skatt og saksøkjer staten.
innenriks

Bakgrunnen for saka er at selskapet fekk skatten sin endra i tidsrommet 2012 til 2014, skriv Aftenposten/E24.

Equinor Energy driv utvinning av olje og gass på norsk sokkel, som dei sel vidare til Equinor.

Dotterselskapet er underlagt ein oljeskatt på 78 prosent, medan Equinor har ein ordinær skatt på 22 prosent. Equinor Energy tener dermed på å selje billegast mogleg til morselskapet.

Verken Equinor eller Skatteetaten har ønskt å kommentere saka. Staten eig elles 67 prosent av Equinor.

Det er sett av 15 dagar til rettsbehandlinga i Oslo tingrett, som er fastsett til mars.

(©NPK)