Vasscooter-leiteaksjon i Lillesand avslutta

Det vart torsdag morgon sett i gang ein leiteaksjon etter funn av ein førarlaus vasskuter i Lillesand kommune. Truleg har den slite seg frå fortøyinga.
innenriks

Redningsskøyta, luftambulansen og fleire ressursar frå nødetatane vart sende i retning Ytre Ulvøya og Ulvøysund etter at det kom inn melding om ein drivande vasskuter, opplyser Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Noreg.

– HRS har vedteke å avslutte vidare søk i samband med funn av vasskuter då ein er i kontakt med eigar, som melder alt er OK. Den har truleg slite seg, og det er ikkje funn som tyder på tjuveri, melder redningssentralen, som takkar alle som deltok i leitinga.

(©NPK)