Tilsett i sjukehusbarnehage i Bergen koronasmitta

Ein tilsett i Hunstad barnehage, som er personalbarnehage for Haukeland universitetssjukehus i Bergen, er koronasmitta. Ei avdeling med 15 barn blir stengt.
innenriks

Den tilsette testa positivt på covid-19 seint onsdag kveld, opplyser Helse Bergen.

– Foreldre og tilsette er varsla. Smittesporing går føre seg og nærkontaktar vil bli kontakta, opplyser helseføretaket.

(©NPK)