Sparebank 1 Nord-Noreg legg ned 16 av 31 kontor

Sparebank 1 i Nord-Noreg legg ned halvparten av bankkontora sine for å spare pengar. 35 tilsette blir ramma.
innenriks

Sparebank 1 Nord-Noreg skal ifølgje E24 kutte 40 millionar kroner i kostnader og viser til endra kundeåtferd når banken no legg ned 16 av 31 kontor i landsdelen.

– Dei siste åra har digitaliseringa verkeleg skote fart. Under koronakrisa har kundane våre vist at dei både er, og føretrekkjer å vere, digitale. Også i møte med rådgivarane våre. Eit tradisjonelt bankkontor innbyr til at kundar kan komme inn dørene og få løyst eit problem. Svært få kundar gjer nettopp det i 2020 – dei løyser oppgåva sjølv i mobilbanken, i nettbanken, eller i samtalar med rådgivarane våre, seier konsernsjef Liv Ulriksen.

Lengre veg til banken

Dei attverande kontora skal få nytt og utvida innhald – mellom anna eigedomsmekling, leasing og rekneskapstenester. Sparebank 1 Nord-Noreg skal framleis ha banklokale over heile landsdelen, men nokre får lengre reiseveg enn andre, er meldinga til dei som er negative til nedleggingane.

– Det er fleire årsaker til at dette blir oppfatta som trist for nokon. Fleire av dei ramma kontora ligg på mindre stader, der tenestetilbodet over tid har vorte redusert. Sjølv om årsakene er til å forstå, har eg respekt for at det blir opplevd som negativt, seier konsernsjefen.

Desse kontora blir stengde:

Meløy, Rognan, Leinesfjord, Stokmarknes, Myre, Andenes, Storsteinnes, Målselv, Lyngseidet, Skjervøy, Karasjok, Tana, Vardø, Båtsfjord, Honningsvåg, Svalbard.

Kontora i Kirkenes, Vadsø, Hammerfest, Alta, Lakselv, Storslett, Tromsø, Finnsnes, Harstad, Narvik, Sortland, Svolvær, Leknes, Bodø og Fauske held fram drifta.

(©NPK)