Semje i journalistoppgjeret

Etter sju timar på overtid vart Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Norsk Journalistlag (NJ) samde om årets tariffoppgjer.
innenriks

Resultatet av oppgjeret er eit generelt tillegg på 3.500 med verknad frå 1. april og ein protokoll om kompetanseutvikling for alle redaksjonar, skriv NJ i ei pressemelding.

NJ-leiar Hege Iren Frantzen seier at det til dels har vore vanskelege forhandlingar.

– Arbeidsgivarane har peika på den økonomiske situasjonen som koronapandemien har skapt. Vi har mint dei på at journalistane har stått på og gitt alt i månadsvis, strevd med smitterisiko ute på jobb, under vanskelege forhold på heimekontor og i lange dagar ute i redaksjonane, seier ho.

MBL: Innanfor ramma

MBL har berekna oppgjeret til å vere innanfor ramma på 1,7 prosent, som vart resultatet i frontfagsoppgjeret. Det generelle tillegget utgjer ifølgje utrekningane 0,3 prosentpoeng, medan overheng og gliding utgjer resten.

– Dette inneber eit oppgjer innanfor ramma frå frontfaget og gir reallønnsvekst. Vi er fornøgde med å ha komme i hamn med ei forhandlingsløysing som er tilpassa den utfordrande situasjonen bransjen står i, seier forhandlingsleiar Pernille Børset i MBL.

Ho meiner forhandlingane har vore krevjande, men konstruktive.

Samde om kompetanseheving

Vidare er partane samde om å jobbe med spørsmål som berekraft og kompetanseheving, som har vore sentrale tema i årets oppgjer, i tariffperioden.

Det er òg semje om at den såkalla Slitarordninga, som partane slutta seg til då ho tredde i kraft i fjor, no skal liggje fast som eit bilag til Journalistavtalen.

Vidare minner både arbeidsgivarsida og NJ om viktigheita av at bruken av mellombelse tilsette skal drøftast med tillitsvalde minst éin gong i året.

(©NPK)